Ja då kan konfirmantane komma fram te presten!

Konfirmanten anno 2022 og 1982 

Ja då kan konfirmantane komma fram te presten, seier kateketen. Og me er lydige som lam. 

Førti års jubilant førti kilo seinare…

Søndag 23.mai 1982 toge me inn i kyrkja. Snart skal me gjennom skjærsilden, overhøyring av presten. Ja om du trudde 80-talet var so hipt og kult, so tek du feil. Det var i gamledagar. Og i gamledagar stod konfirmantane på geledd i midtgangen på konfirmasjonsdagen. Den blide presten vår Arnvid Lie spankulere att og fram i den kvite kappa si. Eg fyl nøye med på dei svarte skoa hans. Om han skal stoppe framom meg. Jau sjølvsagt. Eg slepp ikkje unna eg heller. Eg er merkeleg roleg  der eg står i ei full kyrkje. Nervesamanbrotet kjem på eit seinare tidspunkt. Besteforeldre, foreldre, tanter,søsken, onklar, naboar, grevinner og hertugar sit i benkane, og knirke, snufse og knipse. 

Kirken den er et gammelt hus. Det knirke, knett og knake. Det er verkeleg uhyggeleg å vere her aleine. Sjølv midt på lyse dagen er her sikkert gjenferd som romestere i alle krikar og krokar. Dette er Guds hus, men er Gud heime? Trur eg vil seie som son min sa då me vitja slottet for mange år sidan. -Kongen er ikkje heime, han e sikkert på Rema 1000. 

Eg tenkte nøye gjennom det med konfirmasjonen. Om eg trudde nok på Gud til å vere kvalifisert. Eg hadde lite lyst til å bli teken i falskt spel for Gud og kvarmann. Lenge ville eg avlyse konfirmasjonen. Men i ein draum kom besta til meg. Ho var so skuffa over meg. Å skuffe besta var verre enn å skuffe Gud. Eg konfirmerte meg. Men ein ting skulle eg i allefall velgje heilt sjølv. Bunad nei takk! Kvit kjole jatakk!

Presten Arnvid Lie og eg 

Frå timane med presten hugse eg kun dette : Ein gut i klassen driste seg til å rekke opp handa. Han spør om det er synd å danse klin med noken. Då smile presten Arnvid over heile seg. -Du får komme fram her, og vise oss da, så skal jeg si om det er synd eller ikke. 

Ville eg ha vore prest? Neppe!

PS : Det er veldig fint om de seier at eg ser akkurat like søt ut i dag som for førti år sidan. Men då vil eg minna dykka alle på det åttande bodet. Du skal ikkje tala usant om nesten din. 

Når alle linjene til Kirkens SOS er opptekne, er Gudbrandsdal Energi sin chatterobot god å ha…

-HALLO ER DET KLAGEMUREN !? 

-Hva kan jeg hjelpe deg med ? skriv Klagemuren

-EG ER SO SUPEREKSTREMTLEIOGTRØYTT AV K OG K !!!

-Jeg skjønner  desverre ikke helt hva du mener. Kan du stille spørsmålet ditt annerledes?

-EG ER SO SJUKT LEI KULDE OG KORONA! OG KVIFOR KOSTAR STRAUMEN DYKKAR 133. 544 ØRE  KILOWATTEN FORBANNA RASPEBALLER!? KYNISKE GRIBBAR ER DET DE ER! 

-Jeg forstår desverre ikke helt. La meg se om menneskene er tilgjengelige.

-NEITAKK ! EKJE NØYE. NO HAR EG HAR UANSETT NOKO STORT Å SJÅ FRAM TIL, NEMLEG STRAUMREKNINGA ! HA EIN FIN DAG KJÆRE CHATTEROBOT!

PS: Veit du gjorde ditt beste. Veit du fortjene bedre.  Take care. Stay healthy. Stay home chatterobot. Ja for du er vel på trygt på heimekontoret ditt? Keep your distance. Wash your hands. Og pass deg for engelsktalande mutantar lille venn.  Orsak alt det eg skreiv med Caps Lock. Håpe me kan snakkast ein anna dag. Klem ?

 

Skule eller heim / pest eller kolera?

Nrk fortel at “fire av ti foreldre er bekymret for å sende barna tilbake til skolen”.

 

Men er heimen eit fullgodt alternativ? 

 

Nei eg har ikkje prøvd å stå på egg ! Ikkje på ei høne heller ! Gå ned frå bordet lille venn. Gjer det no ! 

No er det visst på høg tid å sende bodni i barnehage og skule att ! Eksperiment og ugagn får fritt spelerom i de tusen hjem. Eg trudde norske foreldre var kompetente. Takk og lov me har fagfolk til å ta seg av opplæringa av den oppveksande generasjon. Stå oppå egg ! Kva vert det neste !? Putte erter oppi nasen, turke katten i microen, eller “kor lang tid tek det å setje fast tunga i frysaren”? Kva med  “Har du prøvd å snyte deg i ei tacolefse” ? Nei ta fram blokkfløyta ungar, og øv på Lisa gjekk til skolen, heilt til foreldra dine trygle om at skulen åpne snarast, sjølv om det faktisk er påske !

 

Synsk ser enden på koronapesten

Eg ser Erna danse i gatene i ein blomstrete kjole… oi oi nemmen sjå der e Bent ja.. i Hawaiiskjorte og flipflop…han må vera høg på…

Det er nok dei færraste som kjenner til det. Men eg er altså synsk.  Eg ser syner kvar dag. Det er enkelte som vert kalla fagfolk og ekspertise. Dei står so breide på fjernsynet, og snakke høgt om at me skal ha Korona til langt forbi tytebærsesongen. Dei lyg so dei trur det sjølve. Ikkje høyr på slik sjarlatanske spådommar. Tytebær kan de sjøle vera!  Sikre prognosar ser de illustrert under. 

Som de ser får vi ein topp 21.april. I totida natt til 21.april går me mot lysare tider. Mai vert litt humpete. På 17. mai står me alle på kvar vår balkong, og vinke med flagg. 

– Ja nå kan de se hvor gøy det er, å stå sånn og vinke hele dagen, seier Kongen. Personleg er han letta over endeleg å få oppleve nasjonaldagen i godstolen framfø fjernsynet. Me klappe for Eidsvollsmennene, gammalosten, bilmekanikarane, pianostemmarane, den norske bonden, unbrakonøkkelen, dei brukarstyrte personlege assistentane, frisørane og Kongen. Juni er månaden me alle drøymer om. Pesten er over. Dørene opnar seg. Noko vedunderleg skal skje. Livet ventar der ute, og hjarta skal opna seg. Me dansar i gatene. Og feire livet. Me sit på trammen med sløra blikk, om kveldane, og seier flytt deg. Litt nærmare sjølvsagt. Og alt me ser og sansar vert dobbelt. Kanskje fordi me har drukke litt for mykje vin på trammen. Livet er vakkert og skilsmisse-statistikken stygg. Aldri so gale at da ikkje e godt for noko, seier dei gamle, samme seier dei single. PS:  Eg håpe berre at Kåre Willoch berge seg gjøno. Han er so søt der han heng i hornet, og knirke kloke ord til oss. Hald deg heime i hornet Kåre ! So ser eg deg i kula mi snart, i spraglete sambasuit i juni. 

Fly me to the moon

Er det ikkje på høg tid å få fortgang i etablering av sivilisasjon på månen? 

– Nei veit du , eg såg ikkje debatten, men eg har forstått det var stygt

– Ja det var heilt forferdeleg, skrekkscenario

– Janei eg hadde ein liten anelse, so når Fredrik kom til syne med  koronaglorien, so mjuta eg an før han fekk sagt virus. Tøff du då som ser på elendet..

Utdrag frå ein samtale med eit robust menneske eg er so heldig å ha som venn. No ein ringevenn. 

Eg såg ikkje Exorsisten heller eg altså, då den kom i sin tid. Denslags har eg aldri interessert meg for. Nervane mine er frynsete nok. Takk og lov me har gode gamle Trond Viggo, KLM og Stoltenberg på nrk.no. Og hvis det røyne på , har me Vestavind og Sauen Shaun. 

Mange seier verda står stille. Eg vil heller seie det skjer mykje no frå dag til dag. Sidan sist har eg mellom anna gått tom for tannkrem. Eg har nesten fylt bensin på dieselbilen min. Eg vart so perpleks av all koronainfoen på SHELL. Eg har opplevd sein postgang. Eg har ete brun lapskaus på boks. Eg har også opplevd vonde mareritt rundt dette med den vanskelege etterveksten. Heldigvis har eg fått drøfta det grundig med psykologen.  

Vanskane veks meg over hove

Eg hadde nemleg tenkt litt på det… å leggja meg te på dørmatta til frisøren min. Eg ville hiksta og remja til eg fekk sleppa innom døri. Psykologen klarte å få meg ifrå da. 

-Eg ligne mindre og mindre på profilbildet mitt for kvar dag som går. På Sukker altså. Eg ser ikkje ut. Eg kan ikkje treffe noken. I allefall ikkje uten hue, eller skal eg gå med skaut liksom. Sa eg, med nasen i klenexn. 

-Ja det er klart dette må vere vondt og vanskeleg for deg, men hugs det kjem betre dagar, når livet vender attende til normalen. Sa psykologen. Ta deg ein bolle medan du ventar ! 

Når psykologen og eg har heimekontor

Jaja samma kan da vera. Alle stemnemøter er avlyst uansett. Ein date, fleire stemnemøter, seier nynorsk ordbok. På kalendaren har eg faktisk plotta inn opptil fleire slike hemmelige dates/treff/visningar no i mars. I Drammen, i Røyken, og ein hyttedate i Hemsedal. Men å risikere å verte tatt av Heimevernet. Det får vere med heile hyttekosen. Eg har Ludo og Hulter til Bulter i kjøkenskuffen. 

Nei hald deg heime med den etterveksten du har. Eg har sendt krav om å få refundert kontingenten hjå Sukker eg no. Liggje her og betale på slikt unyttige ting. Har mykje anna å bruke pengar på. Mat til dømes. Det var onsdag i forriege veke. Eg laga ein detaljert plan, og gjekk til åtak på SPAR. Iført munnbind. For å hindre at mine dødlege basillar skulle ta livet av uskuldige, på leit etter det daglege brød. Det var rett og slett skremmande å vere ute blandt folk og virus. Uhyggestemning og skjulte farar bak kvar reol. Det er ingenting ved Korona som minne om Karius og Baktus. Ingenting. Det høyrer med til historien at det var ei stor lette å komme seg heim. Låse døra. Vaske alle matvarene med sprit og salmiakk. Setje bananene og sitronen i karantene i boden til neste dag. Vaske alle fingrane sju gonger. Home sweet home. Home is where you can sneeze whenever you want. And still be a worthy human being with dignity.  

Eg trudde aldri eg skulle gå slik på butikken. Eg var skikkeleg redd for at folk skulle tru eg var redd. Men eg var aller mest redd for at andre skulle verte redde, om eg naus inni fruktdisken.
Litt av eit kupp ! Kven sa at shopping ikkje kan gjere deg lukkeleg ! No vert ungane glade. 
Kom og sjå ungar, kva mamma har kjøpt på butikken i dag ! ( Og det med livet som innsats.) 

Fly me to the moon
Let me sing among those stars
Let me see what spring is like
On jupiter and mars

Som sjølvoppnemnd hygienekontakt her i karantenekollektivet har eg innført nye rutinar. Alle matvarane vert vaska før dei kjem inn i kjøleskåp og matskåp. Gal eller normal ?  
Heilt greitt. Slik kan me berre ha det. For alltid! Takk for meg. 

Mastergrad i Karantene

No er det alvor sa dei på radioen 37 gonger i går. Ja då er det vel det. Alvor. Noreg er stengd. Sogn og Fjordane er stengd. Kort fortald skal alle som fere og reke, i karantene. Få dei hus. Og steng døra. Ja i morgon er det nok karantene i 14 dagar etter ein snartur på butikken. Alle som nys, husj inn i huset med seg. Alle som kjenner nokon som nys, hutdegheim ! Det er unntakstilstand. Det er uverkeleg. Som på film, berre at det er på tv. Her i mi eiga stove er alt som før. Trur eg. Eg tippe at 96 % av hjernen min er okkupert av det store raude koronaviruset.  Av alle tusen tankar, snik det seg inn ei stolt kjensle av meistring. Ja no kjem me NAVarane til vår rett. Endeleg! Hald deg heime. Hald avstand. Gå tur aleine i skogen. Et havregraut. Snyt deg. Aleine. Reis ikkje ut av landet.Ta tran. Reis ikkje til Bergen. Hald deg edru. Reis ikkje til Hemsedal. Reis ikkje til nokon stad som helst! Hald deg oppdatert. Delta i dugnaden. Ingen problem. Yes Sir! Dette fikse eg. Dette er ein dugnad eg kan omfavne. Eg reiser ingen stad. Eg held meg heime. Eg har mastergrad i karantene. Ja det har eg faktisk. Og endeleg er det tusen på tusen som har det akkurat som meg. For ein god tanke. We´re in this together. Kvar for oss. Kan verte rørt av mindre. 

Livet mitt før og etter Korona. Illustrasjonsfoto / Illusjonsfoto

  Stayhome        Staythefuckhome         Stayhomeandfuck          Stayfuckthehome 

Om ni månader får vi nok sjå resultatet av alle denne karantenehyggen. Der er mange friske folk rundtom i de tusen hjem. For å sei det slik. Ikkje alle strikkar. Heimekontor my ass! Har du sett at polet snart er tomt for pappvin. Folk hamstre. Pappvin og dorullar. Det kan vera du får oppfylt det 2018-ynskjet ditt Erna.

 

Men enkelte har meir enn nok med dei ungane dei allereie har. Heimeundervisning av eigne snørrungar kombinert med heimekontor er eit sant mareritt. Etter nokre få dagar, heng desperate foreldre ut glaset, og rope etter hjelp. – Eg makte ikkje meir, skrik ei fortvila mor. Og det har nett starta. Av og til kan ein få lyst å berre legge seg under dyna, og stå opp når alt er over. Og livet går sin vante gang. Dette er ikkje noko å satse på i det lange løp. Om eg overleve, skal eg gje alt sølvtøyet mitt til Frivillig Brukt. 

 

Husmori har vaska dei finaste undikkane sine. Eg vil ha ein verdig sorti. Testamentet er kladda ned. Håpe dei håpefulle forstår kva mor freista knota ned før svartedauen tok ho. “Kan skriva noko finare”, skreiv norsklæraren min i vurderingsboka på barneskulen. Ja det var mildt sagt. Handskrifta mi såg/ser ut som ei hes i motvind. Tenk om eg faktisk døyr av denne “kinesiske eboalen”. Fyttikatta då ler eg ikkje mykje altså. At livet mitt er som før, er berre ein illusjon. Men det har du sikkert avslørt for lengst. Om eg ikkje tenkjer på norsk næringsliv? Herlighet, eg har nok med å tenkja på kvar eg skal finna fleire dorullar. Kaffifilter er ikkje det beste. Lev vel. Ta vare på kvarandre, og dei dorullane du har. Veit aldri kva tid dei stig i verdi på svartebørsen. 

 

Kven sa dugnadsånden var død. Nei den leve i beste velgåande bak kvar ein busk i dei norske skogar.

Hevn frå kalde nord

For eit par dagar sidan sa Erna at me ikkje skulle ta på kvarandre. Men me skulle ta vare på kvarandre. We’ re in this together. Nasjonal dugnad. Samhald. Solidaritet. Hald deg heime. Sjå Netflix, og Home and Away i reprise. Hald deg oppdatert og edru ! Men sjå berre kva som no skjer! I vårt eige land. No hardne det til her i No(r)way minutt for minutt. Kommuneoverlegen i Tromsø har rett og slett blitt maktsyk. Takk for sist forbainna søringa. Dokk svikta oss då vi stod på haue i mainnskit, og ambulanseflyan stod  blikkstille. Hut dokk heim pesshyse ! Ta tellfart, og håpp te hellvette ! Staythefuckhome and go away! 

Eit nys har større kraft enn krutt !

Skjermdump frå Nordlys med innspel frå Husmori sin Snapchat

Ei kvinne i Tromsø hadde Coronavirus. Ho naus, og eit heilt cruiseskip snudde. Det er fantastisk!  Kort fortald : Me har cruiseturisme. Eg skal stå på øvre balkong. Eg skal nyse. Eg skal filme det. Nyset som fyk avgårde som tusen glitrande dråpar gjennom lufti ut mot fjorden. Skipet dreie rundt,og set kursen ut fjorden. Hadet på badet, guddbai og addjøss! Om eg leve og har helsa då sjølvsagt. Veit aldri i dag. Ikkje i måro heller. Inntil vidare må du leva so vel. Og når me er inne på helsa; IKKJE ta på meg om me treffest! Ikkje noko handhelsing ! Ikkje noko klemming, tafsing eller sleving! Set stor pris på om du gjere honnør med handa til hua. Eventuelt kan du neie, og halde ei hand på brystet. Cheerio! Leve ho dama i Tromsø forresten ? 

Høyrde ei stemme som sa ;Berre less oppå  med chips, og pizza. Kos deg no før coronaen teke deg ! 

SISTE NYTT OM CORONA ! Kur oppdaga av husmor i Vestland.

Ny tapet på soverommet… ? 

Eg har vore sterkt plaga av coronaviruset i eit par veker no. Symptoma har forverra seg dag for dag. Det har vore tøffe dagar. Det skal seiast. Heldigvis har eg funne ein kur med veldig god effekt. Eg har skrudd av radio og fjernsyn. Høyrer kun fiskerimeldingane frå Doggerbank.  På internett skyv eg all info om corona til sides. Bokstaveleg tala. På nettbrettet mitt kan eg det. Sveipe vekk unyttig og plagsom info til høgre med peikefingeren. Elegant. Enkelt og moro ! Eg held meg til Instagram og Pintrest. Uendeleg med inspirasjon og glede i alt det kreative folk finn på å lage. Lusekofter, fargerike strikkasokkar og mykje anna lekkert. Eg kjende rask bedring. Ser faktisk ut til at eg er frisk som ein fisk, so besta bruka seie. 

What a feeling !  Struts sa du ? Som stikk hovudet i sanden !? Neidå eg vaske hendene slik eg alltid har gjort. Eg nys berre på folk eg ikkje likar ! Kyss klapp og klem frå husmori ? 

Ynskjer du deg blomster på Valentinsdagen?

 

Skund deg avstad, og kjøp ein fin bukett til deg sjølv. Legg gjerne ved eit lite søtt hjartekort. Skriv tre ting som du berre elske ved deg sjølv. Om 10 timar og 37 minutt er det IKKJE Valentinsdag. Men berre ein heilt vanleg laurdag. Med tåpelege, klissete sjokoladehjarte på tilbod